HELLISØY FYR:
Historia om tårnet Hellisøy fyr er eitt av to fyr i Fedje kommune. Holmengrå fyr ligg heilt nord i kommunen, eit godt stykke unna hovudøya, medan Hellisøy fyr ligg i sør, berre eit steinkast frå land. Fyret vart tent i 1855. Det karakteristiske støypejernstårnet har ei høgd på 33 meter og ei lyshøgd på 46 meter over høgvatn. Dette fyret var det andre støypejernstårnet som vart bygd i Noreg. Den nedste delen var levert av Bærums verk, og den øvre delen av Horten Mekaniske Verksted. Sjølve fyrtårnet er bygd av 1-toms jernplater og er fora med 35000 murstein. Dei to nedste etasjane er så å seia fyllte med stein. Det var eit stort prosjekt og opptil 95 mann arbeidde på fyranlegget i byggeperioden. I 1954 vart fyret elektrifisert med straum frå land. I januar 1989 vart Hellisøy fyr automatisert, men på grunn av dei meterorologiske observasjonane vart ikkje fyret nedbemanna før i 1992. Fyrvaktarbustaden ved Hellisøy fyr Det vart og bygd bustadhus for fyrvaktaren og familien hans, og til "fyrkarlen". Denne bustaden brann ned i 1902, og året etter vart det oppført to nye hus, eitt til fyrvaktaren og eitt til fyrvaktarassistenten. I mange år heldt dei eit par kyr og sauer her ute. Det vart og oppretta meteorologisk stasjon 1924, men denne tenesta er no automatisert. Fyrmeisterbustaden vart modernisert og ombygd i 1968, og det vart innreidt hyblar og fellesrom. |
Hellisøy fyr
Hellisøy fyr er ein freda fyrstasjon frå 1855. Fyrstasjonen ligg på ei eiga øy, eit steinkast over Fyrsundet frå øya Fedje. Eit besøk her tek deg tilbake til den tida fyrvaktarar og fyrassistentar budde på fyret. Lenge budde òg familiane deira ute på Hellisøy. Fyret blinkar framleis, men det har ikkje vore folk stasjonert her sidan 1992. Vil du ha ein heilt spesiell oppleving kan du overnatta i fyrvaktarbustaden på Hellisøy.
For meir informasjon besøk Hellisøy fyr på facebook. Her kan du kontakte oss angåande booking; hellisoyfyr@gmail.com eller ring 461 96 446.
Pris: Leige av huset er 1650kr pr døgn for 2 personer (barn under 6 år gratis) og 165kr per pers over det. Fyrboligen inneheld 10 sengeplassar.
Frakt 275kr tur-retur. Omvisning 500kr. Leige av båt 550kr. Alle prisane er inkludert mva.
Ein vaskar ut etter seg og har med eigne sengeklede.
Vil ein ha utvask kostar dette 1250,-ekstra
Informasjon om Fedje og turistopplevingar: http://www.fedje.kommune.no/reiseliv.5720347-299349.html